* Hovedside Apologeten / Artikler fra tidligere utgaver / Nr.3 2001: Mellom brynja og brynjestakken
Apologeten


*
*

Mellom brynja og brynjestakken

av Ove Inge Oksnes

 

Me lever i ei uroleg tid. Mange meir eller mindre falske lærer er på veg inn blandt dei kristne. På same måten som Israel er omringa av fiendar som brukar alle mogeleghetar for å prøva å utrydda landet og folket, så er og den kristne tru utsett for angrep frå alle kantar. Kampen om vår tru og lære vil verta så hard, at Jesus sjølv spør seg om han vil finna trua på jorda når han kjem att.

Kvar er det kampen rasar hardast i dag? Det er om sanninga. Det vil alltid vera sanninga som fyrst vert angripen når ein fiende går til krig. Det er det mange eksempel på i dei siste århundra. Det er nok å minna om Göbbels, Tysklands propagandasjef under andre verdskrigen, og den kalde krigen sine mange lygner.

 

Som kristne vil me alltid vera i "krig", åndeleg sett. Også der er det viktig for fienden å fjerna sanninga. Dersom fienden greier det, da er kampen vår tapt, for "det er sanninga som gjer oss fri", Joh.8:32. La oss sjå litt på ein hendelse i 1.Kong.22 som viser kor viktig det er å velga å høyra på dei som forkynner sanninga.

Gilead-landet vart gjeven av Moses til Makir, etterkomarane av Manasse (4.mos.32.40) Seinare mista Israel landet til syrarane. I I.Kong 22 vil kong Akab og kong Josafat gå mot syrarkongen for å ta tilbake Gilead-landet. Dette er ikkje på ordre frå Herren. Før dei går til krig, så foreslår kong Josafat at dei søkjer Herren for å få vita kva Herren vil.

 

Då kallar kong Akab saman 400 profetar, som alle svarar: Drag opp! Herren vil gje det i handa på kongen. Kong Josafat er ikkje fornøgd med dette, og spør kong Akab om det ikkje finnes ein annan av Herrens profetar som ein kan spørja Herren til råds gjennom. Det gjer det, og kong Akab tilkallar Mika, ein profet som "alltid spår vondt", det vil sei at han ikkje forkynner det kong Akab vil høyra, men berre det som Herren vil. Mika spår at kongane vil tapa krigen, for Herren vil ikkje at dei skal gå til krig no.

Mika fortel og frå Herren kvifor alle dei 400 profetane spår at kongane vil vinna krigen: Herren seier til ei lygnarånd at ho skal gå og leggja seg i munnen på profetane til Akab, for å lokka Akab til å gå til krig, slik at Akab vil falla i Gilead. Gjennom Mika varslar Herren at Akab vil få ulukke dersom han går til krig, men Akab vel å høyra på dei 400 profetane som har ei lygnarånd i munnen. Mika vert sett i fengsel fordi han spådde ulukke for kong Akab, og skal sitja der til kong Akab kjem uskadd heim att. Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg, svarar Mika.

Kong Akab er nok litt redd for at Mika har rett også denne gongen. Han tar av seg kongeklæra og tek på seg andre klær før han går i striden, slik at fienden ikkje skal sjå at han er kongen. Utan at Akab visste det, så hadde fienden bestemt seg for berre å kjempa mot Israels konge, Akab. Sidan det berre var kong Josafat av Juda som bar kongeklær, så samla fienden seg mot han, men Josafat sette i eit høgt rop, slik at fienden forstod at det var feil konge dei angreip. Dermed vende dei seg i frå han. Då var det at ein mann spende bogen sin og skaut på måfå, han råka kong Akab mellom brynja og brynjestakken. Kongen vart hardt såra, og vart halden oppreist i vogna av sine menn resten av dagen for at det ikkje skulle syna seg at kongen var såra. Blodet frå såret rann ned i vogna, og om kvelden døydde kong Akab. Dei skylde vogna i ein dam mens hundane sleikte i seg blodet, og skjøkjene lauga seg i dammen.

 

Kva kan dette fortelja oss om tida i dag? Det er mange som både legg til og trekkjer i frå det som er skrevet i Guds Ord. Dei seier ikkje som Mika: Det som Herren seier til meg, det vil eg tala. I Bibelen står det som Herren seier til oss. Ingenting er så fast som det, sjølv om Herren og kan tala til oss i både syner, draumar og profetiske ord. Dersom me går ut over det som er skrevet, så vert me som 1ygnprofetane, som spår det som "klør i øyra". Det kan vera populært, og det trekkjer kanskje mange mennesker til møta. Det var ikkje desse 400 profetane som vart fengsla av kong Akab, men berre Mika, endå han prøvde å advara kongen mot ulukka. Det kosta Mika noko å stå fast på sanninga. Herren har også idag profetar som Mika. Dei er ikkje mange, og nokre sit i fengsel eller har mista jobben no mens du leser dette. Dei har varsla ulukka for våre dagars Akab og for vårt 1and.

Før kong Akab gjekk i striden, la han av seg kongekledningen. Det er det som vert konsekvensen for alle kristne dersom me velger lygna. Kongekledningen kan samanliknast med den fulle rustning som er omtala i Ef 6. Der pila traff Akab, mellora brynja og brynjestakken, der skulle sanningas belte vore. Å høyra på lygn stiller oss opne for djevelens brennande pilar, for utan sanninga så er rustningen vår ubrukeleg. Det er sanningasbelte som heldt vår rustning i saman. Det Akab gjorde var synd, for han visste kva godt han skulle gjera, gjennom den åtvaringa han fekk gjennom Mika.

Det at Akab døydde og at hundene slikka blodet mens skjøgene bada er eit bilete på fortapinga. Det står i Åp. 22:15 om dei som er utanfor det nye Jerusalem: Men utanfor er hundane og trollmennene og dei som driv hor, og drapsmennene og avgudsdyrkarane og kvar den som elskar og talar lygn. Å elska lygn tyder å heller høyra på lygna enn på sanninga.

Det er mykje stort og flott blant dei kristne idag som har fått sitt banesår fordi det er bygd opp på lygn. Det vert halde oppe i vogna, nett som Akab, for at ingen skal sjå at det heldt på å døy, men kvelden nærmar seg.



* Hovedside Apologeten / Artikler fra tidligere utgaver / Nr.3 2001: Mellom brynja og brynjestakken
Apologeten